Statens navnekonsulenter for norske, kvenske og samiske stedsnavn

27.06.07, kl. 01:02

Nyheter

Om oss

Avdelinger

Lov om stadnamn

Om stedsnavn

Normering

Saksgangen

Klagenemnda

Artiklar

Lenker

Norsk språkråd

Sametinget / Samediggi

Statens kartverk

Avdelinger:

Nytt om namn nr 44

Nytt nummer av "Nytt om namn" er nett kome ut (nr. 44, 2006). Nytt om namn er eit meldingsblad for Norsk namnelag og eit informasjonsskrift om norsk og internasjonal namnegransking. Heftet inneheld m.a. rapport frå Den 11. nasjonale konferansen i namnegransking, som vart halden på Blindern i Oslo 10.11.2006.

Vidare inneheld heftet referat frå landsmøtet i Norsk namnelag, som også vart halde 10.11.2006 på Blindern. Ein finn referat frå samrådingsmøtet for namnekonsulenttenestene og Kartverket 2006, og frå eit symposium om stadnamn og identitet i fleirkulturell kontekst som vart halden i Karasjok i august 2006. Den årvisse namnebibliografien er med, og dessutan småartiklar om namn og namnespørsmål, bokomtalar og opplysningar om ulike faglege arrangement i innland og utland.

Nytt om namn er medlemsbladet til Norsk namnelag. Som medlem i laget får du bladet tilsendt to gonger i året, pluss tidsskriftet Namn og Nemne ein gong i året. Prisen for dette er for tida 150 kroner året. Er du interessert i å få desse skriftene tilsende, kan du melda i frå til Jarle.Halveg@nor.uib.no.



Dette dokumentet ble sist oppdatert: 22.02.07, kl. 14:43:06.
Nettredaktør: Astrid Sann Evensen

Valid HTML 4.01! Valid CSS!