Statens navnekonsulenter for norske, kvenske og samiske stedsnavn

27.06.07, kl. 00:58

Nyheter

Om oss

Avdelinger

Lov om stadnamn

Om stedsnavn

Normering

Saksgangen

Klagenemnda

Artiklar

Lenker

Norsk språkråd

Sametinget / Samediggi

Statens kartverk

Avdelinger:

Kva er normering?

Å normere vil seie å fastsetje skrivemåten for eit ord eller namn. Ord som «er normerte», er ord som har fått fastsett skrivemåte i godkjende ordlister.

Når ein skal fastsetje skrivemåten for stadnamn, finst det ulike prinsipp å byggje på:

1. Skrivemåten bør så langt råd gje att dialektuttalen.

2. Skrivemåten bør vere ordhistorisk (etymologisk) riktig, dvs. mest mogleg i samsvar med den historiske formen av namnet.

3. Skrivemåten bør vere tradisjonell, dvs. at ein bør halde seg til den skrivemåten som har vore brukt før, ev. den vanlegaste skrivemåten, dersom fleire har vore brukt.

4. Skrivemåten bør følgje gjeldande rettskriving. Det lèt seg ikkje gjere å sameine alle desse prinsippa fullt ut, og det er derfor nødvendig å velje kva for omsyn som skal vege tyngst.



Dette dokumentet ble sist oppdatert: 25.02.04, kl. 12:13:59.
Nettredaktør: Astrid Sann Evensen

Valid HTML 4.01! Valid CSS!