Statens navnekonsulenter for norske, kvenske og samiske stedsnavn

27.06.07, kl. 01:03

Nyheter

Om oss

Avdelinger

Lov om stadnamn

Om stedsnavn

Normering

Saksgangen

Klagenemnda

Artiklar

Lenker

Norsk språkråd

Sametinget / Samediggi

Statens kartverk

Avdelinger:

Meir om normeringsreglane

Det overordna prinsippet er uttrykt i § 4 første ledd i lova: «Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. For kvenske (finske) stadnamn i Nord-Noreg skal skrivemåten følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i finsk.»

Med rettskrivingsprinsipp meiner ein dei allmenne reglane for korleis lydar og lydkombinasjonar skal gjevast att i skrift. På norsk er det t.d. eit prinsipp at lang vokal blir markert med enkel konsonant, medan kort vokal blir markert med dobbel konsonant: tak - takk, grøn - grønn. Diftongen øy blir skrive slik, ikkje øi. Navn som Dal, Vollen, Brattset skriv vi slik og ikkje Dahl, Wolden, Bratseth. Med gjeldande rettskriving er meint den rettskrivinga som til kvar tid gjeld, og som ein finn i ordlister og lærebøker.

I forskriftene blir hovudprinsippet presisert, og det blir m.a. gjort nærmare greie for forholdet til gjeldande rettskriving, skrifttradisjonen, dialektformer og regionale former. Generelt blir det sagt at i avvegingane mellom ulike omsyn skal ein leggje vekt på nasjonal einskap i namneverket og tidligare normeringspraksis så langt det lèt seg sameine med lova (§ 2–1 fjerde ledd).



Dette dokumentet ble sist oppdatert: 25.02.04, kl. 13:06:33.
Nettredaktør: Astrid Sann Evensen

Valid HTML 4.01! Valid CSS!